Om CoStudy AI

CoStudy AI er ei læringsplattform for elevar og studentar som vil lære meir, ikkje berre bli ferdige fortare. Plattforma samlar fag, arbeidsark, store oppgåver, referansar og kompendium på éin stad, og gir deg ein KI-assistent som forklarer, stiller spørsmål og gir tilbakemelding i staden for å gjere arbeidet for deg.

Du kan lage quizar og flashcards frå eige pensum, øve munnleg og på språk, få steg-for-steg-hjelp i matte, lage podkastar av notata dine og skrive bachelor- eller masteroppgåva med kapittel, innhaldsliste og kjeldeliste i APA, Harvard, Chicago eller MLA. Samarbeid er ein sentral del: du kan dele innhald med vener, skrive saman, starte studiegrupper og konkurrere i quizar og ligaer.

CoStudy AI er laga for elevar frå 16 år på vidaregåande, fagskule, høgskule og universitet. Plattforma er utvikla for å kunne brukast gjennom heile utdanningsløpet, frå små arbeidsark til store oppgåver. Du treng ikkje eigne skriveprogram eller andre AI-verktøy ved sida av: her har du begge delar i eitt.

Plattforma blir utvikla i Noreg av eit lite team med bakgrunn frå skule og teknologi, med mål om å gi alle elevar tilgang til god og ærleg læringshjelp. Du kan starte gratis, og velje Plus eller Extra når du treng meir.